Marlice, Rosi og Anton finn plakatane om Ralf Kern på Berlin Hauptbahnhof. Oppslaga ved billettkontoret flyttar seg frå dag til dag og forsvinn så, medan den store plakaten blir hengande. Leitinga kjennest som å jakta på ein fantasifigur, og dei tre reiser til Bremen. Til slutt forklarer Henry korleis det heng saman, og alle ler av mistydinga. Plakatane er dei Henry hengde opp i Berlin i bind III: https://s222.msge.no/oppforing/31#a257
I sesong 4 episode 5 legg Henriette og Kasper planen på Flor og Fjære, forvirrar jegerane med ein tur til Finnøy og rekk toget frå Jåttåvågen til Kristiansand, der dei sit i Ekstra og handlar i bistrovogna.
Henry fortel Tara om Martha i Dresden. Ein morgon vakna ho i Berlin utan å kjenna han att. Bilen var borte, og dei tok toget attende til Dresden. Undervegs fortalde ho om ein artikkel, og han skreiv eit avsnitt ut frå det. Neste dag var avsnittet hans borte, men avsnittet hennar stod att.
Ei jernbanebru fører inn og ut av Den ufarbare skogen. Hovudpersonane syklar over ho og blir jaga av eit godstog, og det er slik dei finn inngangen til skogen.
Tara følgjer morgontrafikken med buss til Gare du Nord og vidare med tog utan billett til Lille-Europe, der straumen av folk tynnast ut og ho blir ståande att på perrongen.