Markus las ei bok med tog i ·
Mary er på eit tog til det niande kongedømet. Kva er det? Ingen veit. Alle ombord er blinde til kor toget skal, bortsett frå dama som sitt ved sida av Mary. Ho hjelp Mary røyme toget.
Tog i bøker, filmar og songar. Frå ei heil reise til éi linje på side 222.
34 av 34 oppføringar · 279 togaugneblinkar · viser 1–10
Markus las ei bok med tog i ·
Mary er på eit tog til det niande kongedømet. Kva er det? Ingen veit. Alle ombord er blinde til kor toget skal, bortsett frå dama som sitt ved sida av Mary. Ho hjelp Mary røyme toget.
Markus såg ein film med tog i ·
#film14 togaugneblinkar2 togsekvensarvendepunkt
Togsekvens · 9 togaugneblinkar
vendepunkt
I sesong 4 episode 5 legg Henriette og Kasper planen på Flor og Fjære, forvirrar jegerane med ein tur til Finnøy og rekk toget frå Jåttåvågen til Kristiansand, der dei sit i Ekstra og handlar i bistrovogna.
Markus las ei bok med tog i ·
Togsekvens · 2 togaugneblinkar
vendepunkts. 66–67
Henry fortel Tara om Martha i Dresden. Ein morgon vakna ho i Berlin utan å kjenna han att. Bilen var borte, og dei tok toget attende til Dresden. Undervegs fortalde ho om ein artikkel, og han skreiv eit avsnitt ut frå det. Neste dag var avsnittet hans borte, men avsnittet hennar stod att.
Eg har vore på Berlin Hbf, 6 gonger.
Markus såg ein film med tog i ·
Tyngste augneblink
ca. 00:25vendepunkt
Harper blir stoppa av eit godstog som kryssar vegen framfor ho, og kjem difor for seint til fyrste dagen på sin fyrste jobb, på eit kjøkken.
Markus såg ein film med tog i ·
Ei jernbanebru fører inn og ut av Den ufarbare skogen. Hovudpersonane syklar over ho og blir jaga av eit godstog, og det er slik dei finn inngangen til skogen.
Markus las ei bok med tog i ·
Togsekvens · 6 togaugneblinkar
vendepunkts. 22–23
Tara følgjer morgontrafikken med buss til Gare du Nord og vidare med tog utan billett til Lille-Europe, der straumen av folk tynnast ut og ho blir ståande att på perrongen.
Markus las ei bok med tog i ·
Togsekvens · 3 togaugneblinkar
vendepunkts. 13–15
Tara reiser med tog frå Clairon-sous-Bois via Lille og Paris til auksjonen i Bordeaux. Det er den siste turen ho tek i den 17. november.
Markus las ei bok med tog i ·
#bok5 togaugneblinkar1 togsekvensvendepunkt
Amal El-Mohtar, Max Gladstone
Togsekvens · 4 togaugneblinkar
vendepunkts. 175–177
I trådane der London har falle, køyrer Red rundt og rundt på Tuben i tomme, rustne tog. Til slutt går ho av, klatrar opp frå ein stasjon og finn veggmåleriet som snur alt.
Markus las ei bok med tog i ·
Tyngste augneblink
Del 3, kap. 35, s. 335vendepunkt
The train left at nine. Euston station was half an hour away.
Ein av hovudfiguren skal ta toget frå London til Skottland, og den andre må kome seg til Euston station på kort tid.
Markus las ei bok med tog i ·
Togsekvens · 6 togaugneblinkar
kulisses. 14–17
Marlice, Rosi og Anton finn plakatane om Ralf Kern på Berlin Hauptbahnhof. Oppslaga ved billettkontoret flyttar seg frå dag til dag og forsvinn så, medan den store plakaten blir hengande. Leitinga kjennest som å jakta på ein fantasifigur, og dei tre reiser til Bremen. Til slutt forklarer Henry korleis det heng saman, og alle ler av mistydinga. Plakatane er dei Henry hengde opp i Berlin i bind III: https://s222.msge.no/oppforing/31#a257
Eg har vore på Berlin Hbf, 6 gonger.
Side 1 av 4 · 10 oppføringar per side